Terje Isungset «Sildrande»

Arrangementsinformasjon

Terje Isungset´s bestillingsverk til Vossa Jazz 2017

Korleis er lyden av sildrande vatn? Kanskje det finst tonar inni ein liten, klukkande bekk? Kan desse tonane danna ei ramme for ein komposisjon, melodi eller ei lydverd? Kva om ein speglar lydane av instrumenta ned i vatnet, med hjelp frå ein «hydrofon»? Får me høyra det same som fisken då?

Isungset er kjend for si kontinuerlege musikalske eksperimentering som komponist, perkusjonist og lydkunstnar. Han har fleire titals innspelingar bak seg, og nyttar ofte naturen som inspirasjon og instrument i verka sine. Han har jobba med ulike og ofte uvante kombinasjonar av lydkjelder som bukkehorn, munnharpe, tre, stein, glas og is.

Det sildrande eller rennande – det utømmelege. Ei livskjelde eller ei oppkome. Dette kan vera konkret i form av vatn – verdas viktigaste ressurs – eller i overført tyding i form av kreativitet, idéar og musikk. Den som kjem får sjå!

Gunnar Halle – trompet
Sissel Vera Pettersen – vokal, elektronikk, saksofon
Morten Qvenild – piano
Nils Økland – feler
Mats Eden – feler
Mats Eilertsen – kontrabass
Terje Isungset –trommer, perkusjon, munnharpe
Asle Karstad – surround-lyddusj

Dørene åpner kl.19.45 og konserten starter til annonsert tid


Konserten er støttet av Norsk Kulturråd, FFUK, Nesodden kommune og Norsk Jazzforum


Arr: Nesodden jazzklubb

Foto: Kaupo Kikkas